Vinsen59 logo

Følg oss på

Lokaler med historisk sus . Panorama av Roger Ånderå

Vinsen er ein gammal handelstad fra 1918, heilt vest i havet på Bømlo. Handelstaden har vore eit knutepunkt for Melingsgrenda. Her var det butikk, fiskemottak, bøkkerfabrikk, eksport av fiskeprodukter og meire til. Rutebåten mellom Haugesund og Bergen hadde fast anløp her. Butikken holdt det gåande i nærmare 100 år før den blei nedlagt på 90 tallet.

No er det nytt liv i Vinsen. Den gamle butikken er blitt pussa opp og kan tilby lokaler for mange typer arrangement. Her kan det arrangerast konfirmasjon, bryllup, barnedåp, minnestund, runde dagar og andre samlingar av ymse slag.

Vinsen59 har plass til 60 personar, litt avhengig av bordplassering, i det gamle butikklokalet. Med kaianlegg utanfor er det gode muligheter for å utvida med uteplass på fine sommerdagar.

Det er ein liten leilighet med 4 sengeplassar i annekset, for kortids utleie.

Ka skjer?

Bilde av Åsmund Nesse spille på gitar

Kaikonsert med Åsmund Nesse

Fredag 24.mai vært det konsert med sjølvaste Åsmund Nesse ute på kaien til Vinsen59. Me legg opp til ein god kveld med flott musikk og godt lag!
Bilde av Vinsen 59 eiere
Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg /Bømlo-nytt

Me flytta inn i den gamle handelstaden i 2021. Vårt ynskje for staden er å halda plassen i hevd, slå eit slag for kystkulturen, ta vare på bygningsmassen og gi nytt liv i dei gamle bygningane.

Her kan ein leiga selskapslokaler og leilighet og det blir jevnleg arrangert forskjellige arrangement og samankomster.

Døme på aktivitetar den seinare tid er konsertar, Melingsdagane, Damenes aften, Adventsmarkering, Eventyrstund for born m.m,

Er det noko du lurar på så berre ta kontakt.